Har du lyst til å jobbe i fengsel?

Om stillinga

Vil du ha en jobb som er alt anna enn kjedeleg? 

Hustad fengsel har fire ledige vikariater i turnus i 100 % stilling. Stillinga passer for deg som ønsker å ta del i vårt viktige arbeid som ufaglært betjent (1078) eller for deg som er utdannet fengselsbetjent (0264).

Vi treng deg som vil bidra til å skape og gjennomføre ein straff som endrar ved å vere både rollemodell, samtalepartnar og rettleiar. Vi treng deg som kan sette grenser når du må, vise omsorg når du kan og vere med å løyse konflikter før dei vert for store. Som fengselsbetjent/betjent har du ei viktig rolle i vårt arbeid med å sikre at dagens innsette kan bli morgendagens gode naboar.

Å jobbe i fengsel gir verdifull erfaring med menneske som er i ein vanskelig livssituasjon og passer særleg godt for deg med bakgrunn som til dømes vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog, politi eller for deg som ønsker å jobbe med endringsarbeid.

Kva kan vi tilby deg?

  • meningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • treningsrom for tilsette
  • kantine med fantastisk god mat
  • godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og aktiv velferdskomite
  • parkering med mulighet for lading av elbil
  • gode pensjons, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse
  • stilling som fengselsbetjent (0264) vert lønna frå kr 460 600 – 557 100,-. Stilling som 1078-betjent vert lønna frå frå kr 374 000 – 509 300,-. Det vert trekt 2% innskot til Statens pensjonskasse.

    Det er ønskelig med snarlig oppstart og vikariata varer fram til 31.08.2026.

Hustad fengsel ligg idyllisk til i Hustadvika kommune midt mellom byane Kristiansund og Molde. Fengselet har 60 innsette som soner både på høgt og lågt sikkerhetsnivå.
 

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste oppgåvene dine i denne jobben vil vere: 

  • motivere innsatte til å leve et kriminalitetsfritt liv etter løslatels
  • ivareta tilsette- og innsettes sikkerhet i samsvar med lovverk, retningslinjer og rutiner
  • avdelingsteneste med daglige oppgåver knytt til innsette
  • kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid
  • være en aktiv medspiller i den faglige og sikkerhetsmessige utviklingen av avdelingen
  • tverrfaglig samarbeid

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde. Det må påreknast modulbasert HMS-opplæring i tryggleik dersom du ikkje er utdanna fengselsbetjent.

Utdanning og erfaring

Vi har nokre absolutte krav til denne stillinga, og det er:

  • for å få stilling som fengselsbetjent (0264) må du ha bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS
  • du som ikkje er utdanna fengselsbetjent må oppfylle krava til opptak ved Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS for å få stilling som betjent (1078). Krava finn du her: www.krus.no/opptakskrav
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førarkort klasse B

Vi ønskjer også at du har:

  • tilleggsutdanning innan sosialt arbeid, psykisk helsearbeid, bachelorpåbygg/enkeltemner fra KRUS eller andre relevante fagfelt
  • erfaring frå institusjonsarbeid innan psykiatri, rusomsorg, barnevern, politi, sosialfagleg arbeid eller lignende
     

Personlege eigenskapar

  • du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • du har evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
  • du er tålmodig, ansvarsfull og har evne til å sette grenser
  • du har evne til å rettleie og motivere mennesker i en vanskelig situasjon
  • du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
     

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fungerande assisterande fengselsleiar Marte N. Johnsen, tlf. 71 26 30 13.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.