Kyrkjebasar – Vågøy og Myrbostad sokn

Dato Lørdag 13. juni 2026
Tid 10:30 – 14:00
Scene Elnesvågen sentrum
Kyrkjebasar – Vågøy og Myrbostad sokn

Om arrangementet

Vågøy og Myrbostad sokneråd inviterer til kyrkjebasar i Elnesvågen sentrum!

Stad: Torget 3 (der Kirppis hadde lokale før), Elnesvågen

Det blir:
• Loddsal og tombola
• Sal av kaffi og kaker/bakst
• Ulike aktivitetar

Pengane frå basaren går til:

  • Ny altarduk i Myrbostad kyrkje (under arbeid)
  • Ny golvløpar i Myrbostad kyrkje
  • Utbetring av kjøkkenet i Vågøy kyrkje

Desse tiltaka er ein del av soknerådet sitt arbeid med å ta vare på kyrkjene våre som gode samlingsrom for gudsteneste og fellesskap.


Loddsalet er i gang!

Vi sel lodd på dagligvarebutikkar i soknet fredagar og laurdagar fram til sjølve basaren 13. juni.
Pris: 50 kr per lodd. Du kan betale med Vipps eller kontantar.

Vipps til 473 22 317 – alle inntekter blir overført til soknet sin konto.

Sjå dei flotte gevinstane du kan vinne:

Kunst og handverk
• Måleri av Kolbjørn Håseth (verdi kr 9000)
• Måleri av Arild Frisnes (verdi kr 5500)
• Veggskap laga av Thorvald Bøe
• Grafisk trykk av Atle Færøy
Opplevingar
• Krepsetur frå Tornes saman med Øystein Sandnes
Bøker (fleire signerte!)
• «Husjomfru» av Edvard Hoem
• Diktbøker av Øystein Hauge
Heim, hage og småfint
• Keramikkvase frå Tornes keramikkverkstad
• Sølvarmband
• Lamper, verktøy og hageutstyr
• Ostekasse frå Tine
• Røykalaks frå Drågen Smokehouse
Gåvekort
• MIFO
• Hageland
• Gjenbruken og fleire
… og mykje meir!

Andre arrangementer du kanskje liker