Om arrangementet
Vågøy og Myrbostad sokneråd inviterer til kyrkjebasar i Elnesvågen sentrum!
Stad: Torget 3 (der Kirppis hadde lokale før), Elnesvågen
Det blir:
• Loddsal og tombola
• Sal av kaffi og kaker/bakst
• Ulike aktivitetar
Pengane frå basaren går til:
- Ny altarduk i Myrbostad kyrkje (under arbeid)
- Ny golvløpar i Myrbostad kyrkje
- Utbetring av kjøkkenet i Vågøy kyrkje
Desse tiltaka er ein del av soknerådet sitt arbeid med å ta vare på kyrkjene våre som gode samlingsrom for gudsteneste og fellesskap.
Loddsalet er i gang!
Vi sel lodd på dagligvarebutikkar i soknet fredagar og laurdagar fram til sjølve basaren 13. juni.
Pris: 50 kr per lodd. Du kan betale med Vipps eller kontantar.
Vipps til 473 22 317 – alle inntekter blir overført til soknet sin konto.
Sjå dei flotte gevinstane du kan vinne:
Kunst og handverk
• Måleri av Kolbjørn Håseth (verdi kr 9000)
• Måleri av Arild Frisnes (verdi kr 5500)
• Veggskap laga av Thorvald Bøe
• Grafisk trykk av Atle Færøy
Opplevingar
• Krepsetur frå Tornes saman med Øystein Sandnes
Bøker (fleire signerte!)
• «Husjomfru» av Edvard Hoem
• Diktbøker av Øystein Hauge
Heim, hage og småfint
• Keramikkvase frå Tornes keramikkverkstad
• Sølvarmband
• Lamper, verktøy og hageutstyr
• Ostekasse frå Tine
• Røykalaks frå Drågen Smokehouse
Gåvekort
• MIFO
• Hageland
• Gjenbruken og fleire
… og mykje meir!