Sosialkonsulent Hustad fengsel

Om stillinga

Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?

Hustad fengsel søker etter ein sosialkonsulent i nyoppretta fast stilling. 

Hustad fengsel ligg idyllisk til i Hustadvika kommune midt mellom byane Kristiansund og Molde. Fengselet har 60 innsette som soner både på høgt og lågt sikkerhetsnivå. 

Den som blir tilsett i stillinga må arbeide sjølvstendig og bidra aktivt inn i kvardagen til dei innsette og bidra til at eininga når måla sine. Sosialkonsulenten skal også samarbeide tett med dei innsette sin kontaktbetjent i arbeidet med å tilbakeføre dei innsatte til samfunnet etter lauslating. 

Ein fyrstekonsulent skal utføre sjølvstendig saksbehandling og ha evne til setje seg inn i problemstillingar og bidra til å utvikle området. Stillinga eignar seg for nyutdanna med høgare utdanning, men utan lang relevant erfaring frå fagområdet. I tillegg kan fyrstekonsulentkoden også brukast for stillingar som har oppgåver som krev lang og inngåande erfaring frå fagområdet.

Ein rådgjevar skal meistre sjølvstendig saksbehandling, rådgjeving, analyse og utvikling innanfor eit gjeve fagområde. Rådgjevar skal ha evne til å setje seg raskt inn i problemstillingar, utarbeide analysar, formidle analysar, målsetnader og resultat på ein god måte.

Arbeidsoppgåver

  • Førebu dei innsette til lauslating i samarbeid med kontaktbetjent, Nav, helsetenesta, den innsette sin heimkommune og andre offentlege instansar. Dette gjeld mellom anna oppfølging når det gjeld bolig, økonomi, sysselsetting, rusbehandling og andre sosialfaglege saker. 
  • Sosialkonsulenten skal ha ansvar for eininga sine tverrfaglege møte. Formålet med møta er å planlegge innsette sin progresjon og tilbakeføring saman med øvrige tilsette i kriminalomsorga og eksterne samarbeidsinstansar. Sosialkonsulenten skal også følge opp tiltak frå møta i samarbeid med kontaktbetjent
  • Anna tverrfagleg samarbeid med både interne og eksterne aktørar. 
  • Bistå dei innsette med gjeldsarbeid og i arbeid med søknader til eksterne aktørar
  • Bidra til gjennomføring av avklaringssamtaler til russamtalen samt gjennomføre russamtalene. 
  • Delta i ansvargruppemøte saman med innsettes kontaktbetjent
  • Kartlegge sysselsetting i eininga og jobbe med isolasjonsreduserende tiltak for dei innsette
  • Bidra til at belastninga i kvardagen blir redusert for fengselsbetjentane i turnus
  • Vere ein aktiv medspelar i den faglege og sikkerhetsmessige utviklinga i eininga 

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde. Det må også reknas med modulbasert HMS opplæring i tryggleik. 

Utdanning og erfaring

Fyrstekonsulent

Du må ha

  • minimum relevant sosialfagleg høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå 
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
  • førarkort klasse B

Det er ønskeleg at du har

  • erfaring med mennesker i ein krevjande livssituasjon til dømes rusomsorg eller psykriatri, i institusjon eller frivillig arbeid i hjelpeorganisasjon
  • kjennskap til eksterne tjenestar og deira oppbygning, 
  • kjennskap til relevante lovar og avtaleverk

     

—————————————————————————————-

Rådgjevar

Du må ha

  • relevant sosialfagleg høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå, og 3 års relevant erfaring. Lang, relevant erfaring kan unntaksvis kompensere for manglande formell utdanning
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
  • Førarkort klasse B

Det er ønskeleg at du har

  • erfaring med mennesker i ein krevjande livssituasjon til dømes rusomsorg eller psykriatri, i institusjon eller frivillig arbeid i hjelpeorganisasjon
  • kjennskap til eksterne tjenestar og deira oppbygning,
  • kjennskap til relevante lovar og avtaleverk
  • erfaring frå arbeid i Kriminalomsorga

     

Personlege eigenskapar

         Du må ha

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
  • vere endrings- mål- og resultatorientert
  • personlege eigenskaper i tråd med Kriminalomsorga sine verdiar, trygghet, åpenhet og nytenking

    Det er ønskeleg at du

  • kan jobbe aktivt i team med andre og evne å sjå ulike omsyn
  • har evne og vilje til å drive påvirkningsarbeid
  • har stor arbeidskapasitet og evne å prioritere mellom ulike saker
  • har evne til tryggleikstenking, til å sette grenser og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette 
  • er fleksibel 
  • har evne til å motivere og bidra til eit godt arbeidsmiljø

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Fleksibel arbeidstid (fleksitidsordning)
  • Kantineordning
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Moglegheit for lading av el bil mot betaling. 
     
  • Stillinga blir lønt som fyrstekonsulent 1408, kr. 466 600,- – 584 500,-  / rådgiver 1434, kr. 548 600,- – 745 000,- pr. år, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsleiar Trude Aarseth tlf. 71263010, eller assisterande fengselsleiar Ane Skorpen-Trøen tlf. 71263019. mail: postmottak-8530@kriminalomsorg.no .

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.